24.1.10

23.1.10

15.1.10

X

Eg driv og flyttar og har igrunn hverken energi eller nye bilder til å poste. Men tenkte vise ein fin kveld for ei stund sidan då eg og Wero var i Venezia ein liten tur, eller i hvert fall nesten..



5.1.10

2009

Startar året med ei lita minioppsummering av 2009 i bilder.

X


Januar
Denne månaden var kald, men fin sidan eg hadde fått meg nye ski til jul. Var mykje i marka og gjekk på fine turar.

Februar
Eg drøymde om å reise langt vekk, men blei i Oslo og hadde litt vinterdepresjon.

Mars
Denne månaden starta eg å blogge her. Det var på tide å få utløp for litt kreativitet.

April
Påska vart feira i Stryn der vinteren hadde byrja å sleppe taket, og blomane titta fram.

Mai
Eg hadde byrja i ny jobb og eg knipsa bilder som aldri før, av alt og ingenting.

Juni
I slutten av månaden var det ferietid og eg tok med meg to av dei finaste til New York.

Juli
Det er lite som slår sommaren heime mellom fjell og fjord.

August
Festivaltid. Øyafestivalen var ei av dei finaste vekene i året.

September
Hausttur til Bergen og kvalitetstid med familie.

Oktober
Muse sin konsert i spektrum var fantastisk bra og var ein høydare i oktober.

November
Eg satt for det meste forran dataen og jobba med eksamensoppgåva mi, medan eg tenkte på foto og fargar til jobb og blogg.

Desember
Endeleg julero og juleferie med alt som høyrer til.